Sagvåg, Stord

8 leilegheiter med sjøutsikt

I bustadprosjektet Sago, på historisk grunn like ved bryggekanten i Sagvåg,
har Blink Hus Valvatne for sal åtte moderne leilegheiter med carport. Utsikt til hamna og sjøen.

Ein maritim kvardag

Etter suksessen med Holmen og Høvleriet, er Blink Hus Valvatne klar med siste steg i bustadutbygginga langs sjøkanten i Sagvåg sentrum. I området der den gamle «Valvatnasago» tidlegare stod, kan du no nyta dagane i ei lettstelt leilegheit – tett på hamna og bryggekanten.

Den gamle sagplassen, lunt og fint inst ved Sagvåg brygge, er som skapt for det gode liv i maritime omgjevnader. Dei vestvende leilegheitene får god utsikt til sjøen og hamna. På bryggekanten like framom huset kan du nyta sjølufta samtidig som du strekkjer litt på beina. Og det har du tid til, for her slepp du bruka fritida på stell av ein heil einebustad og tilhøyrande hage. Med mange båtlag og marinaer i nærleiken, er det også moglegheiter for å skaffa seg båtplass til eigen farkost.

Kystlandsbyen Sagvåg er nest største tettstaden i Sunnhordland, og nede i hamna bur du svært sentralt i høve til butikkar, bensinstasjon, fysioterapeut, frisør, serveringsstader, tannlege og dei andre tilboda i sentrum. Skular og barnehagar har du òg i gangavstand, og hoppar du i bilen tek det berre sju-åtte minuttar før du er på Heiane – Sunnhordlands største handels- og servicesenter.

Svein Jonassen (86) er ein av dei som no gler seg til å flytte i dei nye leileghetene. Les meir.

Sagvåg og Litlabø byr òg på mange moglegheiter for ei aktiv fritid – både på sjø og land. I skogen, fjellet og lysløypa finn du mange fine og varierte turalternativ – anten du føretrekker å gå, springa eller sykla. Storavatnet innbyr til både bading, padling og ferskvassfiske, og det finst ei rekke ulike klatrefelt der du kan utfordra berg og hammar. Naturlegvis kan du også velja å engasjera deg i eit variert lags- og organisasjonsliv.

På historisk grunn

Namnet «Sago» avspeglar historia til tett- og industristaden Sagvåg. Her, på den sjønære eigedomen som høyrde til Valvatna-garden, blei det midt på 1500-talet etablert ei oppgangssag. Saga gav etterkvart namn til bygda, og var svært viktig for tømmereksport, treforedling og aktiviteten på dei mange skipsbyggeria i Sagvåg.

Foto: Severin Kannelønning

Foto: Severin Kannelønning (Sunnhordland Folkemuseum)

Foto: Jørgen Gruntvig-Olsen

Foto: Jørgen Gruntvig-Olsen

Nøkkelferdige bustader med carport

Dei åtte moderne og lettstelte leilegheitene ligg lyst og fint til – like ved bryggekanten. Blink Hus sine arkitektar har lagt vekt på å gi bustadene funksjonelle og gode planløysingar som passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Her vil alt frå førstegongsetablerarar til seniorar som ønskjer å kvitta seg med einebustaden finna seg godt til rette.

Bustadene inneheld mellom to og fire soverom, kombinert stove og kjøken, eitt eller to bad, samt innvendig lagringsplass. Alle leilegheitene har «alt på eitt plan»-funksjonane, mens dei to midtarste bueiningane i andre etasje får òg eigne loft.

Dei nøkkelferdige leilegheitene vert leverte med kjøken med kvitevarepakke. Bada vert innreia med flisemønstra baderomspanel, flisa golv og baderomsmøblar. Ønskjer du å setja ditt eige preg på bustaden, tilbyr Blink Hus Valvatne også ei liste med tilvalsmoglegheiter for materialval og innreiing.

Vassboren varme med felles borehol og varmepumpe gir betyelege reduserte oppvarmings/straumkostnader.

ikon-areal
81–140 m2
ikon-soverom
2–4 soverom
ikon-carport
Carport
ikon-sportsbod
Utvendig sportsbu

Fellesområde

Fellesområdet rundt Sago blir tilrettelagt med parkering, sportsbuer, grøntareal og leikeplass. Det høyrer med carport og utvendig sportsbu til kvar leilegheit. Bustadene i første etasje får inngang og carport på bakkeplan, mens einingane i andre etasje får trappefri inngang samt carport i flukt med leilegheitene.

Fellesområdet rommar også gjesteparkering og handicap-plassar. Alle vegar og biloppstillingsplassar vert asfalterte, og det blir sett opp eigne miljøstasjonar for bossdunkar.

Det vil bli oppretta eit eige sameige som skal administrera fellesareala, bostømminga, serviceavtale for brannvernanlegg, samt andre felles interesser. Alle husstandar pliktar å vera med i sameiget.

Fakta om bustadene:

  • Åtte leilegheiter med utsikt til hamna
  • Sentralt ved Sagvåg
  • Bruksareal: 81 til 140 m²
  • To til fire soverom
  • Vestvendt terrasse/balkong med gode ­solforhold
  • Vassboren varme med felles borehol/varmepumpe
  • Carport og utvendig sportsbu
  • Leikeplass
  • Prisar: Frå 3 445 000,–
  • Prosjektet er planlagt ferdigstilt i
    november 2020*.
  • Salsperiode til 1. november 2019**

*Kan også ferdigstillast tidlegare
**Med atterhald om nok selde

Bustadene

Leilegheit 1

1. plan
Areal: 88 m2
Soverom: 3

Leilegheit 2

Seld
1. plan
Areal: 82 m2
Soverom: 2

Leilegheit 3

Seld
1. plan
Areal: 82 m2
Soverom: 2

Leilegheit 4

Seld
1. plan
Areal: 88 m2
Soverom: 3

Leilegheit 5

Seld
2. plan
Areal: 88 m2
Soverom: 3

Leilegheit 6

2. plan + loft
Areal: 138 m2
Soverom: 4

Leilegheit 7

Seld
2. plan + loft
Areal: 140 m2
Soverom: 5

Leilegheit 8

Seld
2. plan
Areal: 88 m2
Soverom: 3

Prospekt og pris

Last ned eller plukk opp

Du kan hente eit eksemplar av prospektet i vårt lokale i Ringvegen 12 på Heiane, eller laste ned her:

For oppdaterte prisar, sjå Finn.no

Hald deg oppdatert!

Ønskjer du å få informasjon om utviklinga i prosjektet, legg igjen e-postadressa og telefonnummeret ditt her:

Ved å sende inn informasjonen over godtek du at Blink Hus Valvatne nyttar denne til å sende deg informasjon om prosjektet.

Kontakt oss

Blink Hus Valvatne

tel:+4795960010Anders Titland
Mob. 95 96 00 10
at@valvatne.no

Bjørn Storebø
Mob. 98 28 99 39
bs@valvatne.no

Eit bustadprosjekt frå

Blink Hus Valvatne tek atterhald om feil og avvik. Ta kontakt med ein av våre seljarar for spørsmål og oppdatert informasjon.

PersonvernInformasjonskapsler