No gler Svein (89) seg til å flytta

SAGVÅG / STORD: Det er på historisk grunn at Blink Hus Valvatne held på med tredje og siste byggjetrinn langs bryggekanten i Sagvågen. 8 moderne leilegheiter med nydeleg utsikt til hamna og sjøen er under oppføring, og 5 av dei er selde. 

Den vesle elva frå Storavatnet til Sagvåg var grunnlaget for industrien og utgangspunktet for aktivitetane i Valvatne-gruppa.  Her har Blink Hus Valvatne hatt sine kontor- og produksjonslokale sidan byrjinga på 1900-talet, men etter at verksemda flytta til Heiane har arbeidet med å byggja ut området til husvære pågått. 

Les også: Kun 3 einebustader att i Stords kanskje mest populære bustadfelt

– Etter suksessen med byggjetrinn 1 og 2 i prosjektet, “Holmen” og “Høvleriet”, er vi no godt i gang med siste steg i bustadutbygginga langs sjøkanten her, fortel Bjørn Storebø, seljar hjå utbyggjaren Blink Hus Valvatne. I området der den gamle «Valvatnasago» tidlegare stod, kan du no nyta dagane i ei ny og lettstelt leilegheit.

VESTVENDT: Utsikta frå leilegheitene i Sagvåg er det ingenting å sei noko på. Vestvendt, godt med sol og tett på sjøen (Bilde frå 2. etasje).

Gler seg til å flytte inn

Ein av dei som no gler seg til å flytte inn er Svein Jonassen (89). Han bur også i Sagvåg, ikkje langt frå prosjektet, men han ser no verkeleg fram til å flytte i ny leilegheit.

– Eg har budd i Sagvåg heile livet og kan ikkje tenke meg å bu nokon annan stad. Men eg gler meg til å flytte i heilt ny leilegheit med trappefri adkomst og flott utsikt, seier han.

Sagvåg er den nest største tettstaden i Sunnhordland og ein trygg og god stad å bu. Her er det ikkje langt til butikkar, bensinstasjon, fysioterapeut, frisør, serveringsstader, tannlege og andre tilbod i sentrum. Skular og barnehagar har du óg i gangavstand, og set du deg i bilen er du åtte minutter unna Heiane – Sunnhordlands største handels- og servicesenter.

På historisk grunn

Namnet «Sago» avspeglar historia til tett- og industristaden Sagvåg. Her, på den sjønære eigedomen som høyrde til Valvatna-garden, blei det midt på 1500-talet etablert ei oppgangssag. Saga gav etterkvart namn til bygda, og var svært viktig for tømmereksport, treforedling og aktiviteten på dei mange skipsbyggeria i Sagvåg.

Fagfolk i 120 år

Når husdraumen skal gjerast til verkelegheit, er det viktig å velja ein samarbeidspartnar du kan stola på. Ein samarbeidspartnar som ordnar alt du har tenkt på – og alt du ikkje visste måtte gjerast. I 120 år har me i Blink Hus Valvatne levert solid handverk og gode løysingar i regionen vår. Du kan difor vera trygg på at me utfører eit godt og solid stykke arbeid i heile «byggeriet». 

Svein gler seg til å flytte inn der borte.

Svein og Bjørn framfor tomta der dei nye leilegheitene kjem.

Der skal eg bu, seier Svein og peiker.

 

Posted by zpiritsupport